Uttalelse om gjennonføringsloven og helse-og omsorgstjenesteloven

Publisert 30.05.2023

Arbeiderbevegelsens Rus- og Sosialpolitiske Forbund (AEF) støttar og vil gje ros til regjeringa sitt syn på endring av straffegjennomføringslova, samt helse- og omsorgstenestelova.

Mange innsette i norske fengsler har diverre vorte og vore isolerte.

-Isolasjon og mangel på menneskeleg kontakt i norske fengsler er svært uheldig, uttalar AEF.

AEF ynskjer at ein ivaretek sentrale omsyn til både innsette og tilsette. Dessutan ivaretek samfunnet sine behov for fengsler med god sikkerheit og ein god rehabiliterande effekt.

 

 

I ein del tilfeller pågår isolasjon over svært lang tid, noko som er brot på FN sine menneskerettar.

Ein del av dei som er isolerte er unge, mindreårige menneske med traumebakgrunn og språkutfordringar. Dessutan innsette med psykiske helseutfordringar.

I meldinga dokumenterer ein at innsette med store psykiske helseutfordringar sit isolerte under kritikkverdige forhold i veker, månadar og i nokre tilfelle år. Dette synest AEF er svært trist å registrere.

Kvifor følgjer ikkje helsepersonell opp isolerte innsette på ein forsvarleg måte. Kvifor er det klare manglar i helsepersonellet sin kompetanse om skadeverknadar av mangel på menneskeleg kontakt og manglande kompetanse om oppfølgjing for å førebyggje eller avhjelpe slike skader?

AEF meiner det er behov for å styrke arbeidet i kriminalomsorgen. Dette for å førebyggje situasjonar og hendingar som resulterer i isolasjon.

AEF er samd med Sivilombudsmannen, og ber om at det vert sikra pålitelege og offentlege tilgjengelege data over omfanget av isolasjon i norske fengsler. AEF håpar det vert etablert ein nasjonal standard, som sikrar at det er mogeleg for dei innsette kvar dag å tilbringe minst 8 timar i sosialt fellesskap med meiningsfulle aktivitetar.

AEF ynskjer å endre straffegjennomføringslova sine avgjerder, slik at desse sikrar at isolasjon kun skal verta nytta i ekstraordinære tilfelle, og for så kort tid som mogeleg. Dessutan at alle som vert isolerte får oppfølgjing i samsvar med menneskelege standardar.

AEF går samla inn for at isolasjon i 22 timar eller meir i døgnet vert forbode i dei tilfelle som kjem fram av Mandelareglane.

Vil du bli medlem?

Ditt medlemskap utgjør en forskjell. Som medlem støtter du vårt arbeid mot rus og våre tiltak for barn og unge, basert på et solidarisk samfunnssyn og som et aktivt medmenneske. Vi arbeider mot rusproblemene, men har ikke noe avholdskrav til medlemmene.

Bli medlem Kontakt