FRAMFYLKINGEN 2012 ungmedmeninger nr 1
Er du ung og interessert i Framfylkingen? Les siste magasinet her.
♥ Takk til Kai Robert Johansen som fantastisk forelesar på leirleirkurs 4.-5. mai! Alle hjarte gler seg over dei flotte leiarane på årets feireleirar på Hanes og Ullerøy ♥
Vil du som er student i helse- og sosialfag vere leirleiar på Barnas ferieklubb? (Andre interesserte også velkomne).
AEF har gjennomført ferieleirar for barn i førti år!
Når?
23. juli til 29.juli (Både Hanes i Telemark og Ullerøy i Østfold), og 30.juli til 5. august (Ullerøy).
Korfor søker vi frivillige frå helse- og sosialstudent-miljøet?
I dag er dei fleste barna som deltar på leir, barn som har få eller ingen andre ferietilbod. Vi tenker at det kan vere ein vinn-vinn-situasjon for alle partar om vi kan få tak i motiverte frivillige som planlegg å utdanne seg på dette feltet.
Vilkår: det blir innhenta politiattest (vandels-), det må signerast teieplikt, de blir innkalt til intervju, samtalar og todagars leirleiarkurs.
Nesten ingen lønn i kroner og øre, men fleire fordelar:
• ei godtgjersle på kr 2000 pr leir, i tillegg til dekt reise, kost og losji.
• Gratis leirleiarkurs med kvalifiserte forelesarar, fredag 4. mai og lørdag 5. mai. (Hotell, alle utgifter dekt). Obligatorisk deltaking.
• Etter godt utført jobb, får de flotte referansar og attest frå AEF.
Kontakt oss innan 11. april!
post@arbef.no
telefon: 23 21 45 78
Vår siste vervefolder kan du laste ned her.
Dei fleste årsmøta i Arbeidarpartiet har kontaktpersonar som deler ut og prøver å verve nye medlemmar. Kanskje skal du på eit møte i eit anna lag eller foreining, -og du tar med deg ein bunke? Kontakt gjerne forbundskontoret på tlf 23 21 45 78 for å få tilsendt så mange foldarar du ønsker. Alternativt kan du maile oss på post@arbef.no.
Er du på Facebook? Sjekk Facebook-lenka til høgre her, gå inn og “lik” oss, då vel! Førebels er det ei open side/page, der alle kan legge ut og kommentere.
Som observante medlemmar har fått med seg, har forbundskontoret fått ny organisasjonssekretær i engasjement fram til juli. Eg, Marielle Minutella, er 43 år, ålesundar med bakgrunn som profesjonell musikar (waldhornist), og har jobba mye med barn og unge i musikklivet. I perioden 2004-09 fullførte eg ein bachelor- og mastergrad i statsvitskap, og har etter det jobba som administrasjonskonsulent og fylkessekretær i Nei til EU, samt hatt eit engasjement som rådgivar for Døveprosten i Den norske kyrkja.
Ring meg gjerne på 23 21 45 78 for hjelp, tilsending av materiell, tips om verving, hjelp til verving, eller bare for å slå av ein prat!
/Marielle
Følgende lokallag har pt meldt dato/info om årsmøter i 2012 (etter årsmøtedato):
Ungdomslaget Night Fever Telemark AEF 21. januar
Vestfold AEF 20. februar
Gjøvik AEF 22. februar
Grenland AEF 28. februar
Notodden AEF 4. mars
Moss AEF 7. mars
Trondheim AEF 15. mars
Oslo AEF 19. mars
Stavanger AEF 20. mars
AEF Telemark (fylkeslag) 29. mars
Torshov AEF hadde stiftelsesmøte 9. februar og skal ha årsmøte i mars


